Velledalen Grendahus L/L ligg fint til i Velledalen i Sykkylven kommune, om lag 15km frå sentrum.
Huset vert brukt som fast øvings- og treningslokale for laga i dalen gjennom heile veka. I helgane vert det utleigt til ymse kulturarrangement eller fest, med eit velutstyrt kjøkken.
Populære arrangement er bryllaup, årmålsdagar og øvingshelgar for skulekorps. I slike høve kan det gjerast avtale om bruk av Velledalen symjehall som ligg i underetasjen.
Huset har og ei romsleg scene som gjer det lett å rigge utstyr, og god tilgang til teknisk utstyr.
Huset ligg usjenert til like ved fylkesvegen der dalen gjer ein 90 graders sving, i Tregardane. Vegg i vegg ligg barneskulen og eit idrettsanlegg med gras- og grusbane. Butikken i dalen ligg ca. 1 km frå huset.
Frå riksvei 60 er det merka med skilt til "Grendahus".