Det vart halde halvårsmøte i L/ L Velledalen Grendahus
26.september, der dei fleste som var innkalla møtte. Styret var glad for at
også Sykkylven kommune var representerte.
Halvårsrapporten vart lest opp og godkjent, jmf vedlegg.
Rekneskapen for 1.halvår viste også i år eit underskot. Styret la fram framlegg
til nye leigesatsar, desse vart korrigerte og justerte av representantskapet.
PÃ¥ generalforsamlinga i mai vart det bestemt at
A-luteigarane ( laga ) skulle skaffe kr 130 000 til drifta av huset, pr i
dag har laga skaffa 67 000 av denne summen der størstedelen av dette kom
frå deltaking på Brøvøllsfestivalen. Laga er enige om å satse på
fellesarrangement for å skaffe resten av pengane.
Det vart bestemt at selskapet skal gjerast om frå lutlag til
SA.
Etter mykje fram og tilbake rundt saka om innebandy har ein
enda på at salen også kan brukast til innebandy.
Situasjonen rundt saka om nytt avløpsanlegg for grendahuset,
symjehallen og skulen vart drøfta. Denne saka kjem vi tilbake med meir informasjon
om.
Brit G. Eidem vart vald til ny revisor for 2017.
Halvårsrapport Velledalen Grendahus 2017
Publisert: Onsdag 11. Oktober 2017 Kl. 08:02