
Eit stort grendahus treng mykje godt stell og siste vekene har det vore mange timar med dugnadsarbeid. Kjøkkenet er mykje i bruk og etter Brøvøllsfestivalen heiv Hanne, Torhild, Annlaug G og Annlaug L seg rundt og vaska ned kjøkkenet og rydda og vaska i skap og skuffer.
Sist veke hadde styret dugnad fleire kveldar der mange rom på huset vart rydda og ein stor container vart fylt opp med "rate". Saknar du noko? - forseint :)
Denne veka her tek Karl Eilert ansvar for at dei nye stolvognene vert måla slik at dei kan takast i bruk. Dette har vore eit laaaangt prosjekt som vi håper vi no snart ser enden på.
Huset har også eit stort uteområdet som skal vedlikehaldast og fleire har vore i arbeid der med å slå rundt dørene. Ein viktig jobb!
I samband med at golva i salen og kjøkkensalen skal skiftast har grendahuset tatt på seg jobben med å rive desse to golva slik dei er klare til Jan Strømmegjerde skal legge nye golv i veke 31. Odd Kåre Fet og Rune Nilsen skal "sjefe" den jobben.
Om du er på området og ser der er folk desse vekene i ferien, må du gjerne stikke innom og sjå kva som skjer.
Tusen takk til alle som bidreg desse sommarvekene og så håper vi i grendahusstyret at andre som vert spurt framover er like positive som sommarhjelpene våre :)
Kristin Grebstad
Publisert: MÃ¥ndag 17. Juli 2017 Kl. 21:25