Birte Urke kunne ynskje velkomen til over 800 personar i teltet på laurdagskvelden.
Under Brøvøllsfestivalen sist helg ser vi at det å ha eit slikt flott område som vi har i Velledalen Kulturpark er gull verdt.
I tillegg til grendahuset og vårt område vart Velledalen Montessoriskule, Velledalen symjehall, fotballbana til V.I.L og området til Velledalen Naturbarnehage nytta for å avvikle festivalen på best mulig måte. Vi har eit unikt området rundt oss.
Medlemmar frå eigarlaga våre stiller på som frivillige gjennom heile veka ( i tillegg til veldig mange andre flinke folk ). For oss i grendahusstyret er dette gull verdt då vi får betaling med festivalen for denne jobben. I 2017 har vi fått 55 000 kroner, pengar vi er heilt avhengige av for å drifte huset vårt. Takk til alle som stille på :)
Publisert: Fredag 30. Juni 2017 Kl. 10:01