Her er stolane våre. Foto: Sunnmørsposten
Sist helg var A-ha på Giske og gjennomførte to eksklusive akustiske konsertar i mathallen der. Dei to konsertane skal no klippast saman og resultatet blir DVD, MTV-program og plate som kjem 13. oktober.
Seinare i haust kjem også ein dokumentarfilm på TV 2 som handlar om prosessen. Filmteamet har fulgt bandet gjennom førebuingane, heilt frå fyrste dag på Giske og til og med konsertane.
Terje Erstad i Momentium har vore ein viktig person i samband med A-ha sitt opphald på Giske og når dei kom med ynskje om å bruke gamle "rørstolar" til publikum under konsertane fekk Terje ordne dette også. Stolar frå det gamle ungdomshuset i Velledalen har i over 30 år stått på loftet på grendahuset og kun vore brukt av Eldsjel på pubkveldane deira, no fekk dei plutselig ei viktig rolle for A-ha :) Resten av stolane kom frå Tandstad skule, så 6220 er til å stole på....
No er stolane på plass att på grendahusloftet og dei lever nok godt på minna frå A-ha-konsertane, heldige dei :)
Publisert: Onsdag 28. Juni 2017 Kl. 14:24