Velledalen grendahus 23. januar
SKULEN
Onsdag opnar SFO som vanleg klokka 07.30 og er open fram til skulen startar klokka 8.30.
I dag skulle skulen på isen på Fetvatnet so matpausen vart litt tidligare enn vanleg, men ryddegjengen måtte gjere jobben sin likevel slik som alle andre dagar. Ryddeoppgåvene går på omgang mellom elevane og det er fem elevar som har ansvaret for å rydde opp etter måltidet kvar dag. Dei skal vaske av borda, sette stolane på plass, koste golv og brette og skylle mjølkekartongar. Dei har desse oppgåvene i omlag to månadar før ei ny gruppe tek over.
Malin er i ryddegjengen og her vert kartongane vaska
SYMJEHALLEN
Onsdag er det ope for alle frå 18.00 til 19.00 før det er herrebading frå 19.00-20.00. Badevakt Hans O Holmberg kunne fortelje om greit besøk i kveld. Når nettsida var innom hadde karane kome seg ut av bassenget og inn i badstua.
Blide karar som fortel at dei har vore faste badarar i Velledalen i minst 15 år
HERRETRIM
Dette er i regi av idrettslaget og trimgeneral er Åge Vanebo. Han fortel at dei er mellom 8 - 12 trimmarar og at innsatsen er enorm og trua på seg sjølv er god. Når nettsida var på besøk trudde dei det var den nye AAFK-trenaren Jan Jønsson som hadde sendt ut talentspeidar.
Det vert meldt at skadeomfanget til tider kan vere omfattande og at enkelte har gått over til badminton, uvisst av kva grunn.
Vi gjer merksam på at biletet er teke FØR treninga
MOPPEVASKEMASKIN
Mellom alle karane på huset i kveld dukka det opp ei dame, Marianne, som skulle hente reine moppar til Joker.
Alle store bedrifter treng reinhald og difor har grendahuset, Joker og montessoriskulen gått til felles innkjøp av ei ny moppevaskemaskin. Denne er plassert i kjellaren på grendahuset og er flittig brukt.
I kveld var det butikken som skulle vaskast og då måtte ho ein tur innom for å hente reine moppar.
Publisert: Onsdag 23. Januar 2013 Kl. 20:33