Born frå naturbarnehagen har vore i gymsalen i dag
SYMJEHALLEN
Tysdagane er Tandstad skule på bading på føremiddagen, i dag var det ei gruppe frå 5.klasse som hadde symjing med læraren sin Geir Tandstad. Då nettsida var innom var det beintaka som skulle få ein finpuss.
Seinare på dagen var det ei gruppe frå montessoriskulen som skulle øve seg på å bli gode symjarar.
Viktig med gode beintak
BARNEHAGEN
Velledalen naturbarnehage er næraste nabo til grendahuset og borna der likar godt å kome i gymsalen for å ha ulike aktivitetar. I dag var det dei yngste borna som fekk utfolde seg, og å leike med ball synst dei var veldig kjekt.
Barnehageborna
SKULE
Biletet frå skulen i dag er tatt i gruppe 2 som er 4. og 5.klasse, tilsaman 13 elevar med Monica Hole som kontaktlærar.Dei har klasserom i eine delen av kjellarsalen på grendahuset.
Gruppe 2
FOTBALLTRENING
Tysdag ettermiddag er det ei gruppe karar, her kalla Young Boys, som spelar fotball. Vi trur det er mest for å halde seg i form men vi kan aldri vite om dei har meir alvorlege planar, so her er det berre å følgje med framover våren og sjå kva som skjer når graset vert grønt.
Det var sånn fart på dei at det var vanskelig å få tatt bilete av dei
IDRETTSKULEN
Denne perioden har idrettskulen til Velledalen idrettslag symjing med Jørgen Grebstad ( Barbro-Jørgen ) som dyktig instruktør. Her er born frå 2. til og med 7.klasse og dei kjem frå Velledalen og Tandstad krins.
Blide symjarar
BADMINTON
Badmintongjengen med Carol som general er ei lita og ivrig gruppe som høyrer heime under idrettslaget. I dag var det åtte stykker som trena og det var ikkje noko å sei på innsatsen, dei klaga derimot på at salen var for liten til at dei fekk utfolde seg nok, det sei vel sitt om innstillinga på denne gjengen.
MØTE
I kjellaren fann vi denne gjengen med karar som held på å førebu programmet til jubileumsfesten den 2.februar. Dei har ein plan sei dei so då får vi stole på det.
Ã…ge, Petter, Jan, Jarle og Jan Ove
Publisert: Tirsdag 22. Januar 2013 Kl. 21:41