Denne replikken kan vi stadig høyre og det vitnar om at det er mykje som skjer der, og det set vi i driftsstyret pris på. Vi vil ha aktivitet, vi vil det skal brukast og vi vil at alle dei ulike brukarane skal vere nøgde.
Huset ligg sentralt plassert i Velledalen kulturpark og har gode naboar i skulen og barnehagen.
Gjennom året er det mange faste brukarar slik som dei ulike laga og barnehagen, og i tillegg har vi utleige både i vekene og mest i helgane.
Vi samarbeider med Velledalen symjehall som er plassert i kjellaren slik at vi kan legge best muleg til rette for deira brukarar også. Delar av grendahuset har vore brukt til skule når det var offentleg skule i dalen, dette skuleåret leiger montessoriskulen store delar av huset til si skuledrift. Når dei har fått klart sitt skulebygg vil dei flytte det meste av undervisninga over dit, men gymsal, garderober og kjøkkensalen vil dei framleis leige.
Det kostar pengar å drive eit so stort hus og inntektene våre får vi gjennom husleige frå laga,anna husleige, driftstilskot med Sykkylven kommune ( som eig 58% av huset) og inntekter frå Lag på Lag.
Styret inneverande år er : Kristin Grebstad, leiar, Kai Skylstad, Rune Welle, Hege Chruickshank og Torill Hole Frøysa.
Skulen nyttar kjøkkensalen til kantine.
I samband med at huset skal markere sine fyrste 30 år 2.februar tenkte vi at det kunne vere kjekt å sjå kva som skjer på huset gjennom ei av vekene, og vi startar i dag med søndag 20.januar. Sjå eiga sak om dette.
Publisert: Søndag 20. Januar 2013 Kl. 23:21