Velledalen grendahus,
dalen si storstove, er 30 år og dette skal markerast laurdag 2.februar kl.19.30
på grendahuset.
Av program kan vi mellom anna by på:
-
Velledalskoret
-
Ã…ge Lade
-
Historisk
attersyn
-
Smakebitar
frå Velledalsrevyen
Plasse-Nils
og Josefine har alt hengt finstasen til lufting.
Etter programmet
vert det servert middag og kaker før Birger Meland spelar opp til dans.
Det er svært mange som
har gjort sitt til at vi har hatt eit flott grendahus i 30 år.
Mykje god
planlegging vart gjort før ein kunne byggje huset, og under byggjeprosessen vart
det lagt ned ein enorm dugnadsinnsats. Veldig mange har gjort ein innsats på
ulike områder. Difor har driftsstyret valt å ikkje invitere nokon særskilt, men
alle som set pris på at vi har eit grendahus i Velledalen er hjarteleg
velkomne.
Vi har sett prisen til
300 kr for program, middag og dans.
Programbillett for dei
mellom 12- 18 år ; 100 kroner.
Vi har skjenkeløyve. Påmelding
på førehand til Kristin Grebstad mob. 91522451 /
krigreb@xi.no
eller Torill Hole Frøysa mob.97534066
FRIST: 25.januar
Publisert: Tirsdag 15. Januar 2013 Kl. 16:08