Grendahuset er mykje brukt og eit av dei romma som er oftast i bruk er kjøkkensalen. Her er det barnedåp, selskap, pub, møter og kafe. Velledalen Montessoriskule leiger kjøkkensalen til " kantine" og elevane et skulematen sin der kvar dag. Det er mykje arbeid med å ta opp og ned bord og stolar til ei kvar anledning og styret bestemte difor at det skulle kjøpast inn nye bord og stolar til dette rommet. Sist veke kom møblane på plass, og dei har allereie vore i bruk fleire gongar både til skuleelevar og pubgjestar.
Publisert: Søndag 7. Oktober 2012 Kl. 23:48