SNART LAURDAG.............
Eit fantastisk standup-show ," Kroppsøving", vert vist på Velledalen grendahus laurdag 9.oktober med ein av landets mest morosame menn, Roar Brekke.
Roar er frå Odda, men er kjend i området, og har til dømes vore med i sommarrevy i Stryn.
Sist helg var han i Storfjord Kulturhus og viste showet for 140 personar.
Folk brukar ligge langflate over borda og flire når han set i gang med sine verbale, gymnastiske og musikale stunt, og sketsjen om korleis det er å ete "hotdog" på veg heim frå julebord, er verd billetten åleine. For å lese / sjå meir gå til www.roarbrekke.no
Trond & Svein står for dansemusikken etterpå.
Dørene opnar kl 19.30, og showet startar 20.30.
Pris: Show 200,-
Show + dans 250,-
Dans 150,-
15- 18 år på show: 100 kr.
Skjenkeløyve.
Arr.:Lag på Lag
Publisert: Torsdag 7. Oktober 2010 Kl. 11:07