Navigasjon
Navigasjon
Avløpsanlegget ved grendahuset

Vi har tidligare orientert om planane for avløpsanlegg for grendahuset/symjehallen og skulen.

Som vi då skreiv så skulle vi framskaffe meir eksakte tal på kva kostnader barnehagen sine krav ville påføre prosjektet.

 

Dette er no gjort og vi har laga fylgjande oppsett:

Opparbeiding av parkeringsplassar ca 65 m2 kr 66.690,-

Kostnad med handikaptoalett (2011-prisar) kr 110.000,- 

Sum kr 176.690,-

Mva kr 44.173,- 

Sum inkl mva kr 220.863,-

Det området som vi treng å bruke til avløpsanlegg betalte barnehagen då det vart kjøpt, omlag 7 – 800 kroner for.

Om vi skulle løyse inn heile snippa (ca 500 m2) ville tilsvarande pris vere ca 8500,- kroner

Det barnehagen krev at vi skal bygge for at vi får bruke området er stipulert til 220.863 kroner inkl mva.

Dette gir ein kvadratmeterpris (om vi skulle overta heile snippa) på omlag 440 kroner. Kravet frå barnehagen inneber at barnehagen skal bruke ein del av det til parkering (ca 65 m2) og trekkjer ein vekk det så vert m2-prisen omlag 510 kroner.

 

I ettertid har vi fått innspel på at handikaptoalettet bør prisast til 160.000 kroner.  Kvadratmeterprisane vil i så fall auke deretter.

 

Barnehagen har signalisert at dei kan vere med på møte og drøfte størrelsen på denne kostnaden, men når kravet er så høgt er det lite å bruke tid på. Styret i barnehagen har også sendt eit brev til stiftingslaga sine og ut frå det dei skriv der er det lite som tyder på at vi kjem til enigheit.  

Vi må og hugse på at arealet vart kjøpt for at det skulle brukast i fellesskap av alle som sokna til Velledalen Kulturpark. Dette går også fram av konsesjonsvilkåra som ligg til grunn for kjøpet. 

Det er berre to månader att av dette året. Prosjektet har stått i stampe lenge nok. Dette kan føre til store ekstrakostnader om vinteren no slår inn i byggeperioden, ekstrakostnadar som vil måtte dekkast av velledalingane. Vi har heller ingen garanti for at pengane som er avsett i budsjettet vert med over til neste år. Derfor er det svært viktig for oss å kome i gong i 2017.  Sykkylven kommune som største eigar har no tatt over saka om grunnspørsmål og dei har no sett i gong sitt arbeid med dette.

Dei har 27.10 sendt brev om dette  til barnehagen, sjå vedlegg.

Forslag om kjøp av grunn Gnr. 28 Bnr. 68

Konsesjon Gnr. 28 Bnr. 68.


Velledalen Grendahus v / styret

 



Publisert: Søndag 29. Oktober 2017 Kl. 19:42
Siste nyhende
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Halvårsrapport Grendahuset
Deet vart halde halvårsmøte den 26. september.
Les meir (11.10.2017)
Påminning
Halvårsmøte
Les meir (25.09.2017)
HALVÅRSMØTE I L / L VELLEDALEN GRENDAHUS
TYSDAG 26.09.17 KL.19.00, KJELLARSALEN
Les meir (20.09.2017)
Ny sak på saklista til halvårsmøtet i Grendahuset: Endring av organisasjonsform, frå L/L til SA (Tilpassing til samvirkelova)
26.september kl.19.00
Les meir (02.09.2017)
Dugnadar
Mykje godt arbeid er utført
Les meir (17.07.2017)
Endringar ved Grendahuset frå hausten:
No Plasse-Nils kan du gle deg over auka bruk av grendahusetSkulen har behov for fleire rom
Les meir (03.07.2017)
Unikt område
Birte Urke kunne ynskje velkomen til over 800 personar i teltet på laurdagskvelden.Velledalen Kulturpark
Les meir (30.06.2017)
Du kan stole på velledalingane
Her er stolane våre. Foto: SunnmørspostenStolar frå Velledalen nytta på A-ha-konsertar
Les meir (28.06.2017)
Nytt styre på plass i Velledalen grendahus
På ny ekstraordinær generalforsamling 22.mai vart desse valde til å sitje i styre i grendahuset:
Kristin Grebstad,leiar ( ny )
Petter Velle ( ny )
Hanne Ulset ( ny )
Jan Ove Skogvold ( ny )
Arnhild L. Velle
Kjærsti Haugen
...
Les meir (26.05.2017)
Generalforsamling L/L Velledalen grendahus
Måndag 20 mars
Les meir (07.02.2017)
Halvårsmøte 2016
Det er tid for halvårsmøte i L / L Velledalen grendahus
Les meir (05.11.2016)
Ny leiar i Velledalen grendahus
Vart vald på ekstraordinær generalforsamling i kveld.
Les meir (24.04.2013)
Ekstraordinær generalforsamling L/ L Velledalen Grendahus
Onsdag 24.april 2013 kl.19.00
Les meir (20.04.2013)
Velledalen grendahus 24.januar
Torsdag er Velledalskoret sin øvingsdagKva skjer i dag?
Les meir (24.01.2013)
Velledalen grendahus 23. januar
Kva skjer i dag?
Les meir (23.01.2013)
Velledalen grendahus 22.januar
Born frå naturbarnehagen har vore i gymsalen i dagKva skjer i dag?
Les meir (22.01.2013)
Grendahuset måndag 21.januar
Gruppe 1 lagar skulpturar av isKva har skjedd i dag?
Les meir (21.01.2013)
Velledalen grendahus 30 år
" Ka so skjer på grendahuset i dag? - der sto so mykje bila"
Les meir (20.01.2013)
Grendahuset søndag 20.januar
Kva har skjedd i dag?
Les meir (20.01.2013)
Velledalen grendahus feirar sine fyrste 30 år
Vert markert 2.februar med program, mat og dans.
Les meir (15.01.2013)
Svøm langt kampanjen
No kan du vinne fine premiar og i tillegg kome i god form
Les meir (02.01.2013)
Mange ivrige badarar
Godt med besøk i symjehallen i hittil i år
Les meir (07.11.2012)
Halvårsmøte i grendahuset
19.november
Les meir (06.11.2012)
Bilete?
Har du bileter frå byggjeperioden til grendahuset?
Les meir (15.10.2012)
Velledalen grendahus 30 år
Jubileumsfest utsett
Les meir (10.10.2012)
Nye møblar på grendahuset
Nye møblar i kjøkkensalen
Les meir (07.10.2012)
Gåve til skulen
Skulen viktig for Velledalen
Les meir (27.10.2011)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Album
Elisabeth er også betatt av Alexander med fela
Elisabeth er også betatt av Alexander med fela
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no