Navigasjon
Navigasjon
Velledalen grendahus 24.januar
Torsdag er Velledalskoret sin øvingsdag
Torsdag er Velledalskoret sin øvingsdag


SKULEN
Torsdag er ein av dei beste dagane i veka meier elevane fordi då slepp elevar og tilsette å ha med matpakke, dei får gå til dekka bord og ete god heimelaga middag , og det til og med heilt gratis. Det er dekka langbord i kjøkkensalen og alle sit i lag og et,  noko alle set pris på.

Viktig med fint, dekka bord

Elevane er opptatt av kva det skal vere til middag og det er ikkje alle gongar menyen fell like godt i smak med alle, men det rare er at når dei kjem til bordet må dei smake og ofte so finn dei ut at dei likte det likevel.

Desse jentene i 6.klasse var Hanne og Monica sine hjelparar på kjøkkenet i dag.

Elevane i 6.klasse har kvar sine periodar der dei hjelper til på kjøkkenet, dette går inn i faget mat og helse.
I dag var det pølsegrateng som stod på menyen, neste gong vert det laks.

I alle gruppene har elevane ulike arbeidsoppgåver og Leah Sofie og Lovise møtte vi på veg til kjøkkesalen, dei hadde vore å henta mjølk til elevane i gruppe 1.  

Lovise og Leah Sofie

BARNEHAGEN

Torsdag er det barnehagen sin dag i gymsalen og i dag var det full fart i salen med ulike aktivitetar .

Fornøgde jenter



TORSDAGSMIDDAG
Etter at elevane er ferdige å et og kjøkkenpersonalet har rydda og laga klar maten opnar torsdagsmiddagen kl.14.00. Det vart starta opp som ein del av bygdemobiliseringsprosjektet til Velledalen i Balanse og har vorte eit positivt innslag i dalen. Her er mange stamkundar, og det er gledeleg at det stadig dukkar opp nye besøkande. Her møtest ein til god mat og god prat og det ligg i dag på mellom 50 og 60 besøkande, rekorden er på over 80 personar. Her kjem kundar frå heile bygda noko det vert sett pris på. Her er folk i alle aldrar og dei yngste likar godt å få leike i salen medan dei vaksne et og pratar kjempelenge.

Kjekt å leike

Desse karane set pris på god middag


VELLEDALSKORET

Dette koret vart starta i 1982 under Velledalen ungdomslag. Dei har i dag omlag 35 songarar frå Sykkylven og Stranda og dirigent no er Solveig Håvik. Koret er eit kor med stor aktivitet og har eit godt omdøme som eit godt kor. Dei leverer alltid gode prestasjonar. Neste opptreden er på grendahuset sitt jubileum.

I gong med oppvarminga

SKYTEBANA

Sykkylven skyttarlag har miniatyrskytebane i kjellaren på huset. Gjennom veka er det mange som er der gjennom veka  for å trene og i periodar er det faste aktivitetar på kveldstid.

    
Det er fem baner


I helga skal det vere miniatyrstemne ( 15 m ) der , og det starta allereie i kveld. Når vi var innom var det fem unge skyttarar frå Stranda som var i aksjon.

Favoritten til å vinne i helga er Ivar Fivelstad frå Sunnylven skyttarlag og vi tek sjansen på å vere først ute med vinnarbiletet. Her er vinnaren på søndag :


Og uansett so er han ein av dei beste skyttarane på Sunnmøre, so eit bilete kan ikkje skade.

Du kan sete utanfor skytebana å følgje med på skivene inne, det sørgar Per Jarle Tynes og moderne teknologi for.



MØTE

Også i kveld hadde revygjengen møte , men i kveld ville dei ikkje ha pressa på besøk. Det kan slik vi ser det vere eit svært dårlig teikn eller so kan det vere svært bra, ikkje veit vi, men vi som " arbeider "med nettsida likar å ha god tru so då håper vi på det beste. 

















Publisert: Torsdag 24. Januar 2013 Kl. 21:24

Siste nyhende
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
2.mai , - ny dato pga av kollisjon med årsmøte i Velledalen Naturbarnehage SA
Les meir (27.02.2019)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)
Halvårsrapport Grendahuset
Deet vart halde halvårsmøte den 26. september.
Les meir (11.10.2017)
Påminning
Halvårsmøte
Les meir (25.09.2017)
HALVÅRSMØTE I L / L VELLEDALEN GRENDAHUS
TYSDAG 26.09.17 KL.19.00, KJELLARSALEN
Les meir (20.09.2017)
Ny sak på saklista til halvårsmøtet i Grendahuset: Endring av organisasjonsform, frå L/L til SA (Tilpassing til samvirkelova)
26.september kl.19.00
Les meir (02.09.2017)
Dugnadar
Mykje godt arbeid er utført
Les meir (17.07.2017)
Endringar ved Grendahuset frå hausten:
No Plasse-Nils kan du gle deg over auka bruk av grendahusetSkulen har behov for fleire rom
Les meir (03.07.2017)
Unikt område
Birte Urke kunne ynskje velkomen til over 800 personar i teltet på laurdagskvelden.Velledalen Kulturpark
Les meir (30.06.2017)
Du kan stole på velledalingane
Her er stolane våre. Foto: SunnmørspostenStolar frå Velledalen nytta på A-ha-konsertar
Les meir (28.06.2017)
Nytt styre på plass i Velledalen grendahus
På ny ekstraordinær generalforsamling 22.mai vart desse valde til å sitje i styre i grendahuset:
Kristin Grebstad,leiar ( ny )
Petter Velle ( ny )
Hanne Ulset ( ny )
Jan Ove Skogvold ( ny )
Arnhild L. Velle
Kjærsti Haugen
...
Les meir (26.05.2017)
Generalforsamling L/L Velledalen grendahus
Måndag 20 mars
Les meir (07.02.2017)
Halvårsmøte 2016
Det er tid for halvårsmøte i L / L Velledalen grendahus
Les meir (05.11.2016)
Ny leiar i Velledalen grendahus
Vart vald på ekstraordinær generalforsamling i kveld.
Les meir (24.04.2013)
Ekstraordinær generalforsamling L/ L Velledalen Grendahus
Onsdag 24.april 2013 kl.19.00
Les meir (20.04.2013)
Velledalen grendahus 23. januar
Kva skjer i dag?
Les meir (23.01.2013)
Velledalen grendahus 22.januar
Born frå naturbarnehagen har vore i gymsalen i dagKva skjer i dag?
Les meir (22.01.2013)
Grendahuset måndag 21.januar
Gruppe 1 lagar skulpturar av isKva har skjedd i dag?
Les meir (21.01.2013)
Velledalen grendahus 30 år
" Ka so skjer på grendahuset i dag? - der sto so mykje bila"
Les meir (20.01.2013)
Grendahuset søndag 20.januar
Kva har skjedd i dag?
Les meir (20.01.2013)
Velledalen grendahus feirar sine fyrste 30 år
Vert markert 2.februar med program, mat og dans.
Les meir (15.01.2013)
Svøm langt kampanjen
No kan du vinne fine premiar og i tillegg kome i god form
Les meir (02.01.2013)
Mange ivrige badarar
Godt med besøk i symjehallen i hittil i år
Les meir (07.11.2012)
Halvårsmøte i grendahuset
19.november
Les meir (06.11.2012)
Bilete?
Har du bileter frå byggjeperioden til grendahuset?
Les meir (15.10.2012)
Velledalen grendahus 30 år
Jubileumsfest utsett
Les meir (10.10.2012)
Nye møblar på grendahuset
Nye møblar i kjøkkensalen
Les meir (07.10.2012)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Album
Opptakt til russisk versjon av
Opptakt til russisk versjon av "La det svinge"
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no