Navigasjon
Navigasjon
Velledalen grendahus 22.januar
Born frå naturbarnehagen har vore i gymsalen i dag
Born frå naturbarnehagen har vore i gymsalen i dag


SYMJEHALLEN
Tysdagane er Tandstad skule på bading på føremiddagen, i dag var det ei gruppe frå 5.klasse som hadde symjing med læraren sin Geir Tandstad. Då nettsida var innom var det beintaka som skulle få ein finpuss.
Seinare på dagen var det ei gruppe frå montessoriskulen som skulle øve seg på å bli gode symjarar.

Viktig med gode beintak

BARNEHAGEN
Velledalen naturbarnehage er næraste nabo til grendahuset og borna der likar godt å kome i gymsalen for å ha ulike aktivitetar. I dag var det dei yngste borna som fekk utfolde seg, og å leike med ball synst dei var veldig kjekt.

Barnehageborna

SKULE
Biletet frå skulen i dag er tatt i gruppe 2 som er 4. og 5.klasse, tilsaman 13 elevar med Monica Hole som kontaktlærar.Dei har klasserom i eine delen av kjellarsalen på grendahuset.

Gruppe 2

FOTBALLTRENING
Tysdag ettermiddag er det ei gruppe karar, her kalla Young Boys, som spelar fotball. Vi trur det er mest for å halde seg i form men vi kan aldri vite om dei har meir alvorlege planar, so her er det berre å følgje med framover våren og sjå kva som skjer når graset vert grønt.


Det var sånn fart på dei at det var vanskelig å få tatt bilete av dei

IDRETTSKULEN
Denne perioden har idrettskulen til Velledalen idrettslag symjing med Jørgen Grebstad ( Barbro-Jørgen ) som dyktig instruktør. Her er born frå 2. til og med 7.klasse og dei kjem frå Velledalen og Tandstad krins.

Blide symjarar

BADMINTON
Badmintongjengen med Carol som general er ei lita og ivrig gruppe som høyrer heime under idrettslaget. I dag var det åtte stykker som trena og det var ikkje noko å sei på innsatsen, dei klaga derimot på at salen var for liten til at dei fekk utfolde seg nok, det sei vel sitt om innstillinga på denne gjengen.



MØTE
I kjellaren fann vi denne gjengen med karar som held på å førebu programmet til jubileumsfesten den 2.februar. Dei har ein plan sei dei so då får vi stole på det.

Åge, Petter, Jan, Jarle og Jan Ove


Publisert: Tirsdag 22. Januar 2013 Kl. 21:41

Siste nyhende
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
2.mai , - ny dato pga av kollisjon med årsmøte i Velledalen Naturbarnehage SA
Les meir (27.02.2019)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)
Halvårsrapport Grendahuset
Deet vart halde halvårsmøte den 26. september.
Les meir (11.10.2017)
Påminning
Halvårsmøte
Les meir (25.09.2017)
HALVÅRSMØTE I L / L VELLEDALEN GRENDAHUS
TYSDAG 26.09.17 KL.19.00, KJELLARSALEN
Les meir (20.09.2017)
Ny sak på saklista til halvårsmøtet i Grendahuset: Endring av organisasjonsform, frå L/L til SA (Tilpassing til samvirkelova)
26.september kl.19.00
Les meir (02.09.2017)
Dugnadar
Mykje godt arbeid er utført
Les meir (17.07.2017)
Endringar ved Grendahuset frå hausten:
No Plasse-Nils kan du gle deg over auka bruk av grendahusetSkulen har behov for fleire rom
Les meir (03.07.2017)
Unikt område
Birte Urke kunne ynskje velkomen til over 800 personar i teltet på laurdagskvelden.Velledalen Kulturpark
Les meir (30.06.2017)
Du kan stole på velledalingane
Her er stolane våre. Foto: SunnmørspostenStolar frå Velledalen nytta på A-ha-konsertar
Les meir (28.06.2017)
Nytt styre på plass i Velledalen grendahus
På ny ekstraordinær generalforsamling 22.mai vart desse valde til å sitje i styre i grendahuset:
Kristin Grebstad,leiar ( ny )
Petter Velle ( ny )
Hanne Ulset ( ny )
Jan Ove Skogvold ( ny )
Arnhild L. Velle
Kjærsti Haugen
...
Les meir (26.05.2017)
Generalforsamling L/L Velledalen grendahus
Måndag 20 mars
Les meir (07.02.2017)
Halvårsmøte 2016
Det er tid for halvårsmøte i L / L Velledalen grendahus
Les meir (05.11.2016)
Ny leiar i Velledalen grendahus
Vart vald på ekstraordinær generalforsamling i kveld.
Les meir (24.04.2013)
Ekstraordinær generalforsamling L/ L Velledalen Grendahus
Onsdag 24.april 2013 kl.19.00
Les meir (20.04.2013)
Velledalen grendahus 24.januar
Torsdag er Velledalskoret sin øvingsdagKva skjer i dag?
Les meir (24.01.2013)
Velledalen grendahus 23. januar
Kva skjer i dag?
Les meir (23.01.2013)
Grendahuset måndag 21.januar
Gruppe 1 lagar skulpturar av isKva har skjedd i dag?
Les meir (21.01.2013)
Velledalen grendahus 30 år
" Ka so skjer på grendahuset i dag? - der sto so mykje bila"
Les meir (20.01.2013)
Grendahuset søndag 20.januar
Kva har skjedd i dag?
Les meir (20.01.2013)
Velledalen grendahus feirar sine fyrste 30 år
Vert markert 2.februar med program, mat og dans.
Les meir (15.01.2013)
Svøm langt kampanjen
No kan du vinne fine premiar og i tillegg kome i god form
Les meir (02.01.2013)
Mange ivrige badarar
Godt med besøk i symjehallen i hittil i år
Les meir (07.11.2012)
Halvårsmøte i grendahuset
19.november
Les meir (06.11.2012)
Bilete?
Har du bileter frå byggjeperioden til grendahuset?
Les meir (15.10.2012)
Velledalen grendahus 30 år
Jubileumsfest utsett
Les meir (10.10.2012)
Nye møblar på grendahuset
Nye møblar i kjøkkensalen
Les meir (07.10.2012)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no