Navigasjon
Navigasjon
Grendahuset måndag 21.januar
Gruppe 1 lagar skulpturar av is
Gruppe 1 lagar skulpturar av is


SKULE og SFO

Måndagsmorgonen er det skulen som inntek det meste av huset, både i kjellaren og oppe og i løpet av dagen var også 1.klasse i bassenget saman med Torje Bjørneseth for å lære seg å symje.



Gruppe 1 brukte også kulden som vi har for tida til å lage isskulpturar på uteområdet til  grendahuset / skulen.
Når skuledagen er over klokka 14.30 går nokon heim, andre tek bussen , nokre vert henta og resten går på SFO som held til i kjellaren på grendahuset. Der er det Tone og Guro som er sjefar og i dag var det 14 born som var der. Her er det måltid og leik som står i fokus og i dag leika nokre med lego medan ei gruppe var i gymsalen og dansa.

Måltid på SFO

KORPSØVING

Velledalen skulekorps som dette året vert 50 år spelar saman med Straumshorn juniorkorps og dei er omlag 25 musikantar i alderen 10 til 17 år. Dette året prøver dei med ei øving i veka, i staden for to som har vore vanleg i mange år. Dei øver måndagane frå 17.30 - 20.30 og no i vårhalvåret øver dei på grendahuset.
I kveld var det 20 musikantar og dirigent Jan Eldar Lyngvær som øvde på ulike musikkstykker.


Korpset skal ha jubileumskonsert på grendahuset den 27.april og til den tid er det mykje som skal øvast inn. Dei skal også ha øvingshelg på Fjellsætra før den tid. Til sommaren planlegg dei jubileumstur til utlandet.

Engasjert dirigent Jan Eldar Lyngvær



SYMJEHALLEN

Måndag er det fyrst ope for alle mellom kl.18 og 19, før damene får tilgang aleine fram til kl.20.00. Det var ikkje så mange besøkande i dag, og badevakt Hans Olof Holmberg hadde ein roleg dag på " jobb ".

Symjhallen har i samarbeid med Velledalen Idrettslag starta opp med vassgymnastikk for damer kvar måndag kl.20.15. Dette er eit ganske nytt tilbod og antal damer aukar jamt og trutt og her er damer frå mange stader i bygda. Dei vert leia av Kari Bente Bjørkavåg, ei driftig dame som har 19 års erfaring med slik aktivitet i vatn. Når nettsida var innom var stemninga god og innsatsen på topp og dei tek gjerne imot fleire, det er berre å møte opp.



Publisert: Måndag 21. Januar 2013 Kl. 23:08

Siste nyhende
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
2.mai , - ny dato pga av kollisjon med årsmøte i Velledalen Naturbarnehage SA
Les meir (27.02.2019)
Val i grendahus og symjehall
Generalforsamling 3.april
Les meir (04.04.2018)
Sak til generalforsamling 3.april
Vi er pålagd å endre organisasjonsform
Les meir (13.03.2018)
Generalforsamling L/ L Velledalen grendahus
3.april
Les meir (25.02.2018)
Avløpsanlegget ved grendahuset
Kommunen har tatt over saka
Les meir (29.10.2017)
Halvårsrapport Grendahuset
Deet vart halde halvårsmøte den 26. september.
Les meir (11.10.2017)
Påminning
Halvårsmøte
Les meir (25.09.2017)
HALVÅRSMØTE I L / L VELLEDALEN GRENDAHUS
TYSDAG 26.09.17 KL.19.00, KJELLARSALEN
Les meir (20.09.2017)
Ny sak på saklista til halvårsmøtet i Grendahuset: Endring av organisasjonsform, frå L/L til SA (Tilpassing til samvirkelova)
26.september kl.19.00
Les meir (02.09.2017)
Dugnadar
Mykje godt arbeid er utført
Les meir (17.07.2017)
Endringar ved Grendahuset frå hausten:
No Plasse-Nils kan du gle deg over auka bruk av grendahusetSkulen har behov for fleire rom
Les meir (03.07.2017)
Unikt område
Birte Urke kunne ynskje velkomen til over 800 personar i teltet på laurdagskvelden.Velledalen Kulturpark
Les meir (30.06.2017)
Du kan stole på velledalingane
Her er stolane våre. Foto: SunnmørspostenStolar frå Velledalen nytta på A-ha-konsertar
Les meir (28.06.2017)
Nytt styre på plass i Velledalen grendahus
På ny ekstraordinær generalforsamling 22.mai vart desse valde til å sitje i styre i grendahuset:
Kristin Grebstad,leiar ( ny )
Petter Velle ( ny )
Hanne Ulset ( ny )
Jan Ove Skogvold ( ny )
Arnhild L. Velle
Kjærsti Haugen
...
Les meir (26.05.2017)
Generalforsamling L/L Velledalen grendahus
Måndag 20 mars
Les meir (07.02.2017)
Halvårsmøte 2016
Det er tid for halvårsmøte i L / L Velledalen grendahus
Les meir (05.11.2016)
Ny leiar i Velledalen grendahus
Vart vald på ekstraordinær generalforsamling i kveld.
Les meir (24.04.2013)
Ekstraordinær generalforsamling L/ L Velledalen Grendahus
Onsdag 24.april 2013 kl.19.00
Les meir (20.04.2013)
Velledalen grendahus 24.januar
Torsdag er Velledalskoret sin øvingsdagKva skjer i dag?
Les meir (24.01.2013)
Velledalen grendahus 23. januar
Kva skjer i dag?
Les meir (23.01.2013)
Velledalen grendahus 22.januar
Born frå naturbarnehagen har vore i gymsalen i dagKva skjer i dag?
Les meir (22.01.2013)
Velledalen grendahus 30 år
" Ka so skjer på grendahuset i dag? - der sto so mykje bila"
Les meir (20.01.2013)
Grendahuset søndag 20.januar
Kva har skjedd i dag?
Les meir (20.01.2013)
Velledalen grendahus feirar sine fyrste 30 år
Vert markert 2.februar med program, mat og dans.
Les meir (15.01.2013)
Svøm langt kampanjen
No kan du vinne fine premiar og i tillegg kome i god form
Les meir (02.01.2013)
Mange ivrige badarar
Godt med besøk i symjehallen i hittil i år
Les meir (07.11.2012)
Halvårsmøte i grendahuset
19.november
Les meir (06.11.2012)
Bilete?
Har du bileter frå byggjeperioden til grendahuset?
Les meir (15.10.2012)
Velledalen grendahus 30 år
Jubileumsfest utsett
Les meir (10.10.2012)
Nye møblar på grendahuset
Nye møblar i kjøkkensalen
Les meir (07.10.2012)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Album
Hanna Grebstad Bakken fekk gleda av å gi blomster og klem til Alexander
Hanna Grebstad Bakken fekk gleda av å gi blomster og klem til Alexander
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no